Fjellet som er fylt av jærsk historie

Det er stort, holt og inneheld store mengder jærsk historie. Velkommen til ein tur inn i fjellet på Vestre Åmøy.

Jorunn Erga Steinsland  |  Jærbladet


HISTORIE: Få meter frå Åmøy hamn i Rennesøy kommune finst det ei dør – ei rimeleg anonym, grå dør som skjuler eit historisk skattkammer. Bak denne døra finn du nemleg lange gangar og store holrom – ein perfekt plass for lagring av historie.

Militæranlegg

Avdelingsdirektør for levande historie i Jærmuseet, Hans Dybvad Olesen opnar døra. Fuktig og rå luft slår mot oss.

– Det er ei heilt anna luft inne i hallane, altså, lovar han og tek plass på eit lite elektrisk kjøretøy, ei trekkvogn frå 1986. Det er ein av få ting som originalt høyrer til i det gamle militæranlegget som vart bygd på 50-talet.

Han nikkar mot lasteplanen. Underteikna riggar seg til i den vesle trekassen før ferda inn i fjellet kan starta.

Etter nokre få meter med støypte veggar, er det nakne fjellveggar som rår. Det vesle kjøretøyet beveger seg raskt bortover asfaltert veg. Innimellom deler vegen seg, men Dybvad Olesen held stø kurs – lengre og lengre innover, heilt til vegen stoppar i ein lys fjellvegg. Den vesle bilen svinger inn ein liten sidegang og blir parkert like ved nok ei grå dør. Hall 33 seier skiltet over døra.

Foto – Jærbladet
Frå golv til tak

Me er 280 meter inni fjellet og det er fuktig på asfalten, men innanfor dei låste metalldørene sørgjer klimaanlegget for at det er jamt 16 grader. Fjellhallane på Åmøy er oppaveleg laga for lagra ammunisjon, men i 1994 flytta forsvaret ut. Lageret vart kjøpt av Rennesøy kommune og er i dag utleigd til Rogaland fylkeskommune.

– Då var me, framme, smiler Olesen og finn fram nøkkelen frå lommen.

Rommet innanfor er på 600 kvadratmeter. Høgda under taket gjer at det ikkje verkar overfylt, men fullt – det er det. Frå golv til tak står skatt på skatt med jærsk kulturarv og historie. Her ligg det meste du kan tenkja deg og ikkje tenkja deg av gjenstandar frå både tidlege og seinare tider. Det fyrste som møter oss er ei større samling gamle vaskemaskinar frå ei tid då det ikkje var snakk om å velja varme og vaskeprogram, men å få eit alternativ til handvask av kleda.

– Dette er den berømmelege åtte-vaskaren, fortel Dybad-Ole-sen og trekkjer fram ein stillig kreasjon. Vaskaren har eit ovalt kar som gjer at vatnet beveger seg i eit åttetal. Knirkande seier maskinen frå om at han ikkje lengre er i dagleg bruk og gjer seg aller best til utstilling.

– Det var mange Petter-Smartar på Jæren som laga eigne vaskemaskinar til kona, smiler avdelingsdirektøren og nikkar mot ei rekke heimesnikra kreasjonar. Nokre er firkanta og forseggjorte, andre er rett og slett bare ei tønne som kan snus på.

Industrihistorie

Vidare innover ligg eit godt stykke jærsk industrihistorie – alle generasjonane ABB-robotar.

– Historia om den jærske industrien og landbruket er nok det viktigaste for Jærmuseet, og sjølvsagt kvardagslivet, held Dybvad Olesen fram og løftar opp ein av dei aller fyrste ardane som gjekk i jærsk jord. Arden er forgjengaren til plogen, og denne tidlege versjonen er heimelaga av ein bonde på Jæren.

Hadde arden snakka kunne han nok fortalt om timevis med hardt arbeid i steinete jord og vind på 1800-talets Jæren. Mange av tinga i lagerhyllene kjem med ei kjent historie og blir knytta til namngitte plassar og personar. Desse er særs verdfulle for eit museum som Jærmuseet.

– Det er klart det blir noko anna når me også kjenner historia til tinga me får inn. Då blir det meir interessant med ein gong, seier Dybvad Olesen ståande i avdelinga for plogar. Og dei er det mange av hjå Jærmuseet – 250, faktisk. 100-vis av heilt ubrukte hyppeplogar er også ein del av samlinga i fjell hallane. I tillegg kan museet skilta med 40 hakkemaskinar. I ei anna hylle står ein gammal høykanon som stod på låvegolvet og blåste høyet oppover mot der det skulle liggja. Kanonen er i godt selskap med mange generasjonar gjødselspreiarar, spader og anna utstyr. I lageret ligg rett og slett heile historia, frå dei manuelle landbruksreiskapene, maskinar frå den fyrste mekaniseringa og meir moderne maskinar.

– Me må etter kvart også dokumentera den nyare landbrukshistoria, men det kan bli utfordrande sidan maskinar av i dag er veldig store. Kanskje må me tenkjar nytt og dokumentera med viktige deler og gode bilete, tenkjer historikaren høgt.

Sildoljefabrikkar

Men historia er meir enn utstyr. Det er også dokument. Dybvad Olesen trekkjer ut skuffene i eit arkivskap og avdekkjer ei litt meir ukjent del av den jærske industrihistoria.

– At Brødrene Hetland på Bryne bygde hus er rimeleg kjent, men at dei også bygde ein mengde sildoljefabrikkar er det kanskje færre som veit, seier han og tek ut ein papirrull. Ei detaljert teikning over eit fabrikkbygg blir rulla ut. Jærmuseet tek nemleg vare på heile arkivet til gamle Brødrene Hetland, mot at dei som treng det får tilgang.

– Det har blant anna kome spørsmål frå ein fabrikk i Chile, fortel Dybvad Olesen og rullar teikninga fint saman og legg han trygt tilbake på plass. Nokre av tinga som ligg lagra her under meter på meter med fjell kan ikkje erstattast. Derfor er det særs viktig at dei blir behandla forsiktig.

Samla sidan 1985

Me passerer hyllemeter på hyllemeter, den eine fullare enn den andre. Her er eit samansurium av møbler, symaskinar, telefonar, leiker og landbruks:naskinar.

Dybvad Olesen innrømmer at det går lengre og lengre mellom kvar gong det dukkar opp verkelege skattar frå gamle løer og lager. Men det er vanskeleg for eit museum å takka nei når folk kjem over gamle ting dei ønskjer å donera. Jærmuseet vart grunnlagt i 1985, og sidan då har det vore eit jamt tilsig av gamle ting. At museet av og til må velja vekk noko til fordel for noko anna, blir kjapt illustrert av ein heimebygd maskin frå rundt år 1900.

– Ja, denne her kan faktisk skilja klinten frå kveiten, ler Dybvad Olesen og stryk over innretninga som står i ein krok mellom hyllene. Reiskapen har ingen motor eller innvikla utstyr. Den nyttar seg kun av ei kraft – tyngdekrafta.

Hall 34

I ein annan gang finst ein liknande hall, like stor. Den har også hems. Her finst gamle barnevogner frå dei heilt enkle til luksusvariantar som truleg har blitt trilla gatelangs i byen. Her er slitne og velbygde sledar som har glidd bak ein hest og staselege doningar som minst måvera eigde av storbonden sjølv.

Men kvifor har Jærmuseet valt Åmøy? Kvifor ligg alt dette her?

Rett og slett fordi at desse hallane er perfekte for lagring av historiske gjenstandar. Her har dei full kontroll over fukt og temperatur. Jærmuseet har hatt begrensa, gode lagringsmulegheiter sjølv. Derfor har dei fått leigd ulike lokale, ikkje alle heilt optimale. Mang ei tom løe og lagerlokale på Jæren er full av gamle reiskaper og maskinar – gjenstandar som av ein eller annan grunn skal takast vare på. Når mulegheita baud seg på Åmøy, vart mykje flytta til hit.

Så når dei ulike avdelingane i Jærmuseet skal ha temautstillingar, til dømes om gamle vaskemaskinar. Då er det bare å ta seg ein fjelltur – ein innvendig ein, og velja frå både øvste, midtre og nedre hylle.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s