Bygningsantikvaren kan bistå musea med råd og rettleiing i samband med restaureringsprosjekt, praktisk bygningsvern e.l. knytta til kulturhistoriske bygningar på musea og i regionen.

Det kan vera ulike fomer for rettleiing og råd:

  • Rettleiing på byggjeplass, oppfølging av restaureringsarbeid
  • Rettleiing og råd på epost/telefon
  • Utarbeiding av rettleiarar, manualar, restaurerings- og vedlikehaldsplanar m.m.

Råda og rettleiinga kan ofte dreia seg om kor ein kan få henta den rette ekspertisa. Det kan t.d. dreia seg om eit fagfelt som handverkarane på musea ikkje sjølve utfører, men der ein må skaffa seg hjelp. Bygningsantikvaren kan ha som oppgåve å ha oversikt over sentrale personar, fabrikantar og anna som musea kan nytta seg av.

Bygningsantikvaren kan òg stå for arrangering av kurs som kan vera relevante og aktuelle for t.d. handverkarane på musea.