Nyheter

Ledig stilling

Jærmuseet søkjer etter ein dyktig og erfaren konservator til å leia konserveringsteam Rogaland.

Jærmuseet er tildelt arbeidsgjevaransvaret for eit konserveringsteam for regionmusea i Rogaland (Ryfylkemuseet, Dalane Folkemuseum, Haugalandmuseet, Museum Stavanger og Jærmuseet) og Norsk Oljemuseum.

Teamet er ein del av Fellestenestene for rogalandsmusea finansiert av Rogaland fylkeskommune. Teamet  skal etablerast frå nyttår og får base på nyinnreia verkstad i Norsk Oljemuseum sitt magasinbygg i Dusavika, Stavanger.

Teamet skal oppsøka og arbeida ved alle musea og på verkstaden med konservering, tilstandsvurdering og rådgjeving i samlingsforvalting.i

Arbeidsoppgåver:

  • Leia konserveringstemaet
  • Ha ansvar for og gjennomføra konservering av musea sine samlingar
  • Halda oppsyn med og vurdera klimatilhøva i musea ssine mange magasin/anlegg
  • Gje råd og rettleiing om førebyggjande konservering
  • Planleggja og administrera teamet sin framdriftsplan og arbeidsoppgåver

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Godkjent konservatorutdanning på masternivå eller tilsvarande, fortrinnsvis innan gjentandskonservering/kulturhistorisk konservator. Utanlandske matergrader bør vera godkjent av NOKUT
  • Fordel med leiarerfaring
  • Gode evner til å initiera, leia og gjennomføra konserveringsprosjekt
  • Grunnleggjande kunnskap om samlingsforvaltning
  • Gode datakunnskapar, kjennskap til Primus er ein fordel
  • Kunna arbeida sjølvstendig og som del av eit team
  • God munnleg og skriftleg kommunikasjonsevne på norsk
  • Gode engelskkunnskapar er ein fordel
  • Førarkort klasse B

Jærmuseet tilbyr:

  • Fast 100% stilling
  • Allsidig arbeidsplass i stadig utvikling
  • God pensjonsordning
  • Fleksibel arbeidstid
  • Løn etter avtale

Om arbeidsgjevar:

Jærmuseet er regionmuseum for kommunane Randaberg, Sola, Sandnes, Gjesdal, Klepp, Time og Hå og regionalt vitensenter for Sørvestlandet. Museet har i dag ca 70 årsverk og driv 12 ulike besøksanlegg i sju kommunar. Jærmuseet har samlingar av gjenstandar, foto og arkiv frå landbruk, industi, by- og bygdesamfunn.

Søknadsfrist: 09.12.19

Søknad med CV og attestar skal sendast til: ledigstilling@jaermuseet.no

For meir informasjon eller spørsmål kontakt avdelingsdirektør Hans Dybvad Olesen.

Telefon: 952 94 538 / E-post: hdo@jaermuseet.no

Lokalt byggnettverk Rogaland

Tysdag 12. november var det møte på Ryfylkemuseet. Her møttest museumshandverkarar og andre museumstilsette som arbeider med bygningssamlingane på musea i Rogaland. Alle dei fem regionmusea var representert.

Programmet for dagen var delt i tre:

  1. Bygningsvernundersøkinga. Bygningsantikvar (frå fellestenestene) Kirsten Hellerdal Fosstveit la fram resultat frå undersøkinga.
  2. Etablering av lokalt byggnettverksmøte.
  3. Presentasjon av bacheloroppgåva «Endepløying av liggjande kledning». Museumshandverkarane ved Ryfylkemuseet, Sven Hoftun og Kjell Gunnar Haraldseid, demonstrerte teknikkar og gjekk gjennom oppgåva dei leverte ved bachelorstudiet på NTNU.

Alle foto: Mathies Ekelund Erlandsen

eKulturseminaret

Jærmuseet og KulturIT inviterte til eKulturseminar 23. – 25. oktober. Årets seminar ble avholdt på Vitenfabrikken i Sandnes. Under seminaret holdt fellestjenestene flere innlegg. Her kan du laste ned presentasjonene våre, og du kan se streamingvideo fra arrangementet.


Registrering og vurderinger av bygninger i Primus (v. Kirsten Hellerdal Fosstveit, bygningsantikvar, Fellestjenestene i Rogaland)

Se video under.


«Samlingsteam Rogaland – resultater etter 6 års prosjektperiode» (v. Jeanne Dalbu, Fellestjenestene i Rogaland & og Målfrid Grimstvedt, Jærmuseet)

Se video under.

Plastprosjekt RAPMUS (Redusert aldring og aktiv konservering av plastgjenstander i museer og samlinger) (v. Lise Chantrier Aasen, SamRog, Fellestjenestene i Rogaland)

Se video under.

Fagdag

Etter snart 6 år med Samlingsteam Rogaland skal dette samlingsforvaltningseventyret avsluttes. Men før vi legges ned, har vi gleden av å invitere alle interesserte ved fylkeskommunens seks museer til fagdag i «Effektiv museumsmagasinering: med fokus på håndtering, merking og pakking av museumsgjenstander», se vedlagt program.

Dato: 13. – 14. november 2019
Sted:
Vitenfabrikken, Sandnes

Programmet retter seg mest mot dem som arbeider med samlingsforvaltning og/eller gjenstandshåndtering. Det er i tillegg ønskelig om alle museene kan stille med minst en representant på møtet. Last ned programmet her.

Påmelding til lise.aasen@jaermuseet.no senest 11. september.


Program

DAG 1 09:30 – 15:00

10:00 – 10:15  Velkommen og introduksjon v/ Jeanne Dalbu
10:15 – 10:45  Hvorfor trenger vi rutiner for håndtering og magasinering? v/ Eirik Aarebrot
10:45 – 11:00  Pause
11:00 – 11:30  Hvordan skal vi håndtere museumsgjenstander? v/ Therese Espeland
11:30 – 12:30  Pause/Lunsj
12:30 – 12:45  Hvordan skal vi merke museumsgjenstander? v/ Belen Navazo Hourcade
12:45 – 15:00  Praktisk del 1

DAG 2 09:00 – 15:00

09:30 – 09:45 Velkommen til dag 2 v/ Jeanne Dalbu
09:45 – 10:15 Hvordan kan vi oppnå en effektiv magasinering? v/ Lise Chantrier Aasen
10:15 – 10:30 Hvorfor skal vi pakke museumsgjenstander, og hvordan? v/ Belen Navazo Hourcade
10:30 – 10:45 Pause
10:45 – 11:30 Praktisk del 2
11:30 – 12:30 Pause/Lunsj
12:30 – 14:15 Praktisk del 3
14:15 – 14:30 Pause
14:30 – 15:00 Oppsummering / Vel hjem v/ Lise Chantrier Aasen

Dokumentasjon av handverksprosessar

Museumshandverkarar forvaltar ikkje berre bygningar, men òg kunnskapen om korleis ein byggjer og vøler slike bygningar. Denne kunnskapen er verdefull og viktig å dokumentera.

I juni var eg så heldig å få vera med handverkarar ved Dalane Folkemuseum då dei skulle leggja ris i fasgardløa på Barstad. Dette har eg sett fram til sidan eg byrja i jobben, for ca tre år sidan.

Fasgardløer var svært vanlege i Dalane, og vert gjerne trekt fram som typiske døme på den lokale byggjeskikken der. I dag er det få slike bygningar att. Ei av desse tilhøyrer Dalane Folkemuseum og står på Barstad. Ei anna ligg under det nyleg freda gardsanlegget Øen. Begge fasgardløene har handverkarar ved Dalane Folkemuseum vølt. Slik sett er det museumshandverkarane som er tradisjonsberarane og som forvaltar denne handverkskunnskapen.

Oppgåva mi var her å dokumentera arbeidsprosessen. Dette gjorde eg dels ved å vera med i arbeidet sjølv (det er viktig for all handlingboren kunnskap), dels ved å vera ”observatør” og ta bilete og film.

Målet er å gjera denne dokumentasjonen tilgjengeleg for fleire – både i sosiale media og i form av ein artikkel.


Formidling gjennom Instagram

Bygningsantikvaren sin instagramprofil

Eg har lagt opp ein såkalla ”historie” på instagramprofilen min @arkifoss.

Klikk på det runde biletet over teksten ”Fasgard” så kjem det opp bilete og små videosnuttar som viser heile prosessen frå henting av bjørkeris i skogen til ferdig fasgardvegg.


Skrevet av bygningsantikvar Kirsten Hellerdal Fosstveit

RAPMUS – lenge leve plasten!

Har ditt museum noen plastgjenstander i samlingen? Og hvordan er tilstanden til disse? For hvordan kan man best bevare kunst- og kulturgjenstander bestående av plast?

Plastprosjekt

Eksempel på plastgjenstand i museumssamling.

Samlingsteamet i Rogaland deltar som partner i et nasjonalt forskningsprosjekt om plastgjenstander. Prosjektet har tittelen RAPMUS (Redusert aldring og aktiv konservering av plastgjenstander i museer og samlinger) og har som mål å hindre at en viktig del av kulturarven vår smuldrer opp og går tapt. Med prosjektet ønsker vi å øke bevisstheten om plastmaterialene, dets egenskaper og mulige nedbrytningsprosesser. Hver gang samlingsteamet registrerer en gjenstand som inneholder plast, overføres informasjonen til plastprosjektets database. Deltagelsen i prosjektet skal ikke gå utover det daglige arbeidet.

Med støtte av Oslofjordfondet startet prosjektet i september 2017 og skal fortsette fram til juli 2021. De resterende partnerne i prosjektet er Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design, Vestfoldmuseene, Norsk oljemuseum, Norsk industriarbeidermuseum, Norsk teknisk museum, Kunst i offentlige rom (KORO), Museene i Sør-Trøndelag, Norner Research og Centre National d’Evualation de Photoprotection (CNEP). Ytterligere informasjon: http://samlingsforvaltningen.vestfoldmuseene.no/rapmus/

RAPMUS-møte i Stavanger

RAPMUS-møtet i Stavanger ble holdt på Norsk Oljemuseum 12. til 13. juni og hadde 14 deltakere fra forholdsvis ti ulike institusjoner. I forkant av møtet utførte Anja Sandtrø, gjenstandskonservator ved Nasjonalmuseet, overfladiske FTIR-undersøkelser (Fourier Transformasjon Infrarød Spektroskopi) på plastgjenstander i MUST og Norsk oljemuseums samlinger. Disse museene ble prioritert i denne omgang pga. kort tidsfrist og knapt med tid.

Anja Sandtrø utfører FTIR-analyser av Marit Aanestads Pleksicollage.

Dersom ditt museum har noen plastgjenstander i samlingen som du ønsker en grundigere undersøkelse av, håper vi du tar kontakt!


Skrevet av Lise Chantrier Aasen

Bygningsvernundersøkinga

For bygningsantikvaren har våren i stor grad gått med til arbeidet med bygningsvernundersøkinga som skal vera gjennomført i løpet av 2019.

Bygningsvernundersøkinga er sett i gong av Kulturrådet etter oppdrag frå Kulturdepartementet.

I desember 2018 fekk alle musea brev frå Kulturdepartemente der musea blir bedne om å gjennomføra ei kartlegging og tilstandsvurdering av dei kulturhistoriske bygningane.

Bygningsvernundesøkinga blir ein del av arbeidet med ny museumsmelding. Kulturdepartementet skriv i brevet til musea at:

Museumsstatistikken viser at norske museer forvalter om lag 5000 kulturhistoriske bygninger, og bygningsvern er dermed ett av flere viktige temaer som vil måtte drøftes i meldingen. Flere museer har lagt ned et betydelig arbeid for å kartlegge tilstanden på de kulturhistoriske bygningene de forvalter, men departementet ser at det er behov for en landsdekkende kartlegging basert på enhetlige standarder.

Kulturrådet inviterte til oppstartssamling på Gardermoen i februar. I etterkant av samlinga sendte eg, på vegne av musea i Rogaland, innspel til Kulturrådet med oppmoding om fastsetja retningslinjer for tilstandsvurdering, då det kom fram sprikande syn på tilstandsgradering under oppstartssamlinga. Kulturrådet publiserte ei handbok for tilstandvurdering kort tid etter. Det viser at det nyttar å seia i frå.

Eg har retta meg etter denne handboka i tilstandsvurderinga av bygningane på musea.

Musea har stilt med handverkar eller andre som har god kjennskap til bygningane når eg kjem for å gjera tilstandsvurdering. Dette har vore svært viktig for kvaliteten på arbeidet. Dei som kjenner bygningane er dei beste til å vurdera skadeomfang og konsekvens. T.d. kan det vera skader som ser svært alvorlege ut, men som ein som kjenner bygningen kan vurdera annleis (det er ein gamal skade, den utviklar seg sakte o.a.).

Eg har nå vore innom alle bygningane til Jærmuseet og MUST, og mest alle bygningane til Haugalandmuseet. Musea i Rogaland ligg slik godt an. Jamt over er tilstanden god, og dette er takk vera dyktige handverkarar – samt tiltaksmidlene frå 2016.

Dette arbeidet har vore svært interessant for meg, og eg har lært mykje både i møte med bygningar og handverkarar.

Arbeidet vil fortsetja utover sommaren og hausten.


Skrevet av bygningsantikvar Kirsten Hellerdal Fosstveit

Rydding i Norsk oljemuseums registreringer

I likhet med flere andre museer opplever Norsk oljemuseum at en del av de tidlige registreringene i Primus har mangelfull informasjon. Dette kan skyldes problemer med overføring av informasjon fra et system til et annet, endrede retningslinjer for bruk av felter i katalogiseringsdatabasen og manglende kunnskap/liten tid hos den som registrerer.

Plattformer i solnedgang har tydeligvis vært et vanlig motiv. Dette er Ekofisksenteret. Fotograf: Arnulf Husmo/Phillips Petroleum Company Norway, ukjent år. Norsk oljemuseum, NOMF-02679.114

Fra mars og ut mai har jeg jobbet med å forbedre informasjonen knyttet til flere av samlingene til museet. Jeg følger etter beste evne de grunnleggende prinsippene for katalogisering i Primus og tabellen i retningslinjene for forvaltning av foto (Samlingsnett), og tror dette vil bidra til presise og gode registreringer både for samlingsforvaltere og publikum.


Grunnleggende prinsipper for katalogisering i Primus (ABM-Utvikling 2008a: 9):

·     Beskrivelse fra det generelle til det spesifikke

·     Beskrivelse kun av det som er relevant på det aktuelle nivået

·     Det enkelte fotografi knyttes til katalogiseringshierarkiet.

·     Unngå repetisjon av informasjon


Skrevet av fotoarkivar Madli Hjermann