Ny rapport om bygningsvern på musea i Rogaland

Kulturdepartementet har bede musea om å gjennomføra ei bygningsvernundersøking i 2019. I Rogaland valde dei fem regionmusea å samarbeida om arbeidet, og denne rapporten legg fram resultatet av undersøkinga saman med erfaringar me har gjort oss.

I bestillinga frå departementet var det lagt vekt på tilstandsvurdering som ein viktig del av undersøkinga. Tilstand, saman med forslag til tiltak og ressursbehov, har såleis fått ein sentral plass i denne rapporten.

Me vonar erfaringane frå Rogaland kan ha overføringsverdi og interesse for andre museum og fagmiljø.

Rapporten er utarbeidd av bygningsantikvaren i Fellestjenestene i samarbeid med dei fem regionmusea i Rogaland: Dalane Folkemuseum, Jærmuseet, Museum Stavanger, Haugalandmuseet og Ryfylkemuseet.


Oppsummering

Eit løft for musea

Bygningsvernundersøkinga har gjeve eit løft for arbeidet med bygningssamlingane på musea i Rogaland. Musea har fått oppdatert informasjon om – og oversikt over – samlinga. Bygningane er registrerte i Primus og lagde ut på DigitaltMuseum. Ikkje minst har musea fått oppdaterte tilstandsvurderingar av alle bygningane.


Stort ressursbehov

Tilstandsvurderingane har vist at alle dei fem regionmusea i Rogaland har eit stort ressursbehov. Kulturrådet ber musea om å estimera kostnaden for å setja i stand bygningar i TG3 eller TG2 slik at dei kjem opp på TG1-nivå. I Rogaland treng musea 150 stillingar for å gjera naudsynte tiltak på bygningane i samlingane.

Jamt vedlikehald er det beste vernet. Det er mest økonomisk og det som tek best vare på bygningane i eit langsiktig perspektiv. Det bør slik sett vera eit mål for musea å halda bygningane i tilstandsgrad 1, men dette krev ressursar. Overslaget er at ein treng 18,5 handverkarstillingar til saman for dei fem musea i Rogaland, mot dei ti stillingane som finst i dag. Det vil seia at musea i Rogaland treng meir enn 8 nye stillingar for rekke over vedlikehaldsoppgåvene i bygningssamlingane.


Klimaendringane gir både utfordringar og moglegheiter

Klimaendringane vil auka ressursbehovet. Musea må bu seg på eit varmare, våtare og villare klima. Svaret på korleis møta dette er mellom anna hyppigare vedlikehald.

Klimaendringane gir musea sine bygningssamlingar ny aktualitet og relevans. Kunnskapen som musea forvaltar om bygningane, og korleis dei byggjer og driv vedlikehald, er kunnskap som kan koma samfunnet elles til gode.


Korleis møta ressursbehovet

Ressursane til bygningsarbeidet på musea må aukast: Me treng fleire handverkarar på musea. Her er det fleire løysingar som kan vera aktuelle for å få til dette. Ei løysing kan vera at musea tek grep, til dømes ved at dei prioriterer handverkarstillingar ved nytilsetjingar. Ei anna løysing er å styrkja Fellestjenestene med fleire stillingar innan bygningsvern. Elles kan eingongsløyvingar, slik som i 2016, gje eit løft til for bygningane som er i dårlegast stand.


Nytte og relevans

Bygningsvernundersøkinga har avdekt tilstanden til bygningane på musea og ressursbehovet som følgjer av dette. Det er høge kostnader som må dekkjast, men effekten og nytten i andre enden er vel så høg.

Ved å prioritera tiltak og auka ressursar til arbeid med bygningssamlingane tek me ikkje berre vare på viktig materiell kulturarv, men òg immateriell kulturarv og handlingsboren kunnskap. Dette er kunnskap som har stor verdi og relevans for oss i dag og, ikkje minst, i framtida.

Dalane folkemuseum: Revideringsprosjekt i magasin

I januar ble det startet opp et revideringsprosjekt i det ene magasinet på Slettebø. Det vil si at gjenstandene ble tatt ut av magasinet for videre håndtering. Produksjonslinje med forskjellige stasjoner (rengjøring, merking, primusregistrering, tilstandsvurdering, fotografering og emballering) lå rett utenfor magasinet. Det ble kjøpt inn grå kasser, like de som er brukt på tre og metallmagasinet på Jærmuseet, til magasinprosjektet. I Primus ble det opprettet kolli.nr. til kassene. Hyllene i magasinet ble justert og tilpasset for å utnytte plassen bedre. I tillegg til oppgavene i produksjonslinjene ble det gjennomført ulike forebyggende tiltak på museet og samlingene. For eksempel ble det utført frysebehandling på alle håndterte tekstiler, og det ble lagt ut insektfeller i magasinene og på museet. Det ble også holdt kurs om pakking av tekstiler.

Arbeidet med revisjonsprosjekt i magasin ble gjort i tre omganger, henholdsvis vinter, sommer og høst. Til sammen har samlingsteamet revidert/opprettet 878 poster og revidert/registrert 5805 objekter i Primus.